Halsnøy Trelast AS ble etablert i 1974 og driv sin virksomhet først og fremst på Halsnøy i Sunnhordland, men me har og ein del oppdrag i resten av Kvinnherad og på Stord.
Halsnøy Trelast AS er et byggefirma som bygger einebustader, fleirbustader, hytter, garasjar, tilbygg og rehabilitering av eldre bygningar.
Halsnøy Trelast AS utviklar i tillegg bustad- og hyttefelt i egen regi og i samarbeid med grunneigarar.
Halsnøy Trelast har tre avdelingar. Snekkerarbeid og tyngre byggjevarer som trelast, plater, blokkprodukter, singel og sand, samt administrasjon er lokalisert i Toftevåg. Avdelinga for lettare byggjevarer og verktøy er i butikken i Halsnøy Senter på Sæbøvik. Her har me eit stort utval av maling, tapet, golvbelegg, flisar og jernvare. I tillegg utfører vi anleggsverksemd. Denne avdelinga tar seg av det meste innan graving og transport.
Me er med i byggjevarekjeden BYGGTORGET, noko som medfører at me kan tilby eit bredt spekter av byggevarer til konkurransedyktige prisar. Me er også ein del av Mesterhus-kjeden.
Me vektlegg verdien av fornøyde kundar, og det er dermed viktig for oss å innfri dine drømmar og forventningar i forbindelse med byggjing av ny bustad. Ofte betyr det spesialtilpassa løysningar, eller ganske enkelt eit heilt nytt arkitekttegna hus. Halsnøy Trelast har eigen teiknar som skreddarsyr ditt hus etter ønske. Me teiknar i 3D, noko som gjer det enklare å sjå korleis det ferdige resultatet skal bli.
Men like viktig som planleggingsarbeidet, er sjølve byggjearbeidet. Me har "håndplukka" snekkerlag beståande av svært dyktige medarbeidarar, og kan derfor garantere eit svært bra resultat.