til top
  • Prosjekt

Prosjekt

Me hjelper deg med å få realisert bustad- eller hyttedraumen. Og me utfører hele prosessen frå ide til nøkkelferdig hus. 

Halsnøy Trelast AS vektlegg verdien av fornøyde kundar, og det er dermed viktig for oss å innfri kundens idear og forventningar i samband med byggjing av ny bustad. Ofte inneber det spesialtilpassa løysningar, eller ganske enkelt eit heilt nytt arkitektteikna hus. Halsnøy Trelast AS har egen teknisk teiknar som skreddarsyr hus etter kundens ynskje. Like viktig som planleggingsarbeidet, er sjølve byggearbeidet. Me har handplukka snikkerlag samansatt av svært dyktige tilsette og me kan difor garantere kvalitet i arbeidet.

I tillegg er me medlem i den landsomfattande bustadhuskjeden Mesterhus, som har mange flotte ferdigteikna hus i alle kategoriar. Disse kan sjølvsagt tilpassast dine ynskjer og din tomt. Grunntanken i Mesterhus er å byggje kvalitetshus, oppført av din lokale byggmeister, forankra i fagkunnkap og solid handverk gjennom hele byggjeprosessen. Huskatalog kan tingast gratis på nett, sjå egen link på vår nettside, eller kom innom våre lokaler for å sjå kva me kan tilby.