til top
Bestill katalog

Halsnøy Trelast hjelper deg med å realisere husdraumen frå skisse til realitet. Om du ynskjer eit særeige hus, eller å ta utgangspunkt i eit kataloghus, for så å endre på dette - hjelper me deg. Alle Mesterhus sine kataloghus kan endrast og tilpassast dine krav og ynskjer.

 

Har du klart for deg korleis drøymebustaden din ser ut? Me byggjer akkurat det huset du vil ha, og husk at alle Mesterhus kan endrast etter dine ynskjer. Ein av fordelane med å få bygd noko eige er jo nettopp at du kan få det nøyaktig slik du vil, både med tanke på funksjonalitet og utsjånad.

Mesterhus har mange arkitektteikna husmodellar, men det er svært sjeldan at husa endar opp akkurat slik dei er avbilda i katalogen. Byggjeprosessen blir forma av menneska som skal bu der.

Våre dyktige fagfolk hjelper deg med å identifisera kva krav den nye bustaden din skal tilfredsstilla. Sjå på huskatalogen som ei kjelde til inspirasjon, og kom med eigne idear og tankar undervegs.

Finn du ikkje drøymebustaden på nettsidene våre? Me kan teikna eit skreddarsydd hus basert på dine innspel. 

I tillegg hjelper me deg med graving, planering, støyping, rehabilitering, tilbygg, påbygg og andre større eller mindre prosjekt.

Under har me samla nokre bilete fra vår kvardag rundt på prosjekt i regionen.

Mer informasjon
Kontakt forhandler